tirsdag 30. oktober 2012

Vurdering i skulen, på nynorsk



I dag prøver eg å skrive på nynorsk.
Det tar sjølvsagt lengre tid men det er ein del av arbeidskrava i norsk 2, at nokre tekstar skal være på nynorsk.

I går leste eg pensum om vurdering i skulen på utdanningsdirektoratet sine nettsider http://www.udir.no/Vurdering-for-laring/Om-vurdering-og-laring/ 

Den første siden har overskrifta ”Kva er vurdering for læring?”, og på venstre side er det ein kolonne med ulike titlar ein kan klikke på for å få opp nye sidar som utdyper temaet.                                
Det er ei fin side som tar for seg alle aspekt ved vurdering, både undervegsvurdering, eigenvurdering, kvarandrevurdering, vurdering med framovermelding og sluttvurdering. På nettsiden er det og ein rekkje filmar som viser gode døme på korleis ein kan utvikle ein vurderingskultur i klassen og på skulen. Alle filmane peiker på at det er viktig å ha klare mål for opplæringa og at vurderingskriteriane blir laga etter dette. Det må være ein klar samanheng mellom det eleven skal lære og det han eller ho skal vurderast etter. Filmane viste gode døme på korleis elevane kan medvirke til å lage vurderingskriteriar og korleis dei kan være med å vurdere båe seg sjølv og medelevar. Det som kom fram under intervju med lærar og elevar var at elevane måtte trenast i dette, for dei synest det er vanskeleg å skulle seie til ein ven at arbeidet deira ikkje er bra nok. Læraren fortalde at ho ofte gjentok at elevane måtte være ærlege mot einannan og hugse på at det er arbeidet som skal vurderast, ikkje personen. Difor laga klassen ferdige kriterier som elevane skulle nytte seg av, og dei skulle begrunne kvifor dei meinte at noko ikkje var bra nok.
Dette var arbeid med undervegsvurdering. Elevane fikk tid til å se på arbeidet sitt etter kvarandrevurderinga og rette feila sine eller forbetre oppgåva si før innlevering. På denne måten var elevane medvirkande i si eiga læring og dei blei oppmerksame på krava på ein ny og betre måte.

Då eg var i praksis første året var eg i ein 6. klasse. Dei hadde ein veldig flink lærar som var tydeleg med å forklare elevane sine kva måla var for læringsøkta. Måla stod på ukeplanen til elevane slik at også foreldra kunne følgje med. I tillegg skreiv han målet for timen på tavla. På slutten av timane stilte han refleksjonsspørsmål til elevane for å sjekke kva dei hadde fått med seg fra timen og undervisninga. Han lot også elevane være med på å vurdere kvarandre etter framlegg dei hadde i klassen.

                                     


Bileta er fra udir si nettside:

http://www.udir.no/Upload/Vurdering/vfl/VFL%202012/Mellomtrinnet9.jpg

http://www.udir.no/Upload/Vurdering/vfl/VFL%202012/Barnetrinnet19_web.jpg
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar