onsdag 31. oktober 2012

Da eg var lita jente


.


Da eg var lita jente hadde vi heime ein bokserie som heiter Mitt Skattekammer. Eg trur det var 10 bind i serien og bøkene var tilpassa barn i ulik alder. Dei første bøkene inneheldt enkle små dikt og historiar som eigna seg for dei aller minste. For kvar bok blei tekstane lengre og historiane fekk eit anna innhald.
Bøkene fulgte meg i oppveksten. Foreldra mine las mykje for meg og bror min. Eg kan hugse vi låg som tente lys i sengene våre og høyrde på alle dei spanande fortellingane. Ei av bøkene inneheldt historier fra H.C. Andersen, og eg kan hugse at eg gråt når eg høyrde historien om jenta med svovelstikkene.
Eg syntes så synd i den lille jenta..
Historien om den stygge andungen festa seg også i minnet. Vi kikka i bøkene både seint og tidleg og valde sjøl kva for ei historie vi hadde lyst til å høyre om kvelden. Det var så godt å høyre stemmen til ho mor før eg skulle leggje meg til å sove. Ho las med slik ein innleving at det var som eg var midt i fortellinga sjøl.
Eg satte så pris på å bli lest for som lita, og eg fekk interesse for å lese bøker sjøl. Da eg blei mor sjøl var det naturleg for meg å lese for ungane mine, noko dei har satt stor pris på!
No når eg går på lærarutdanninga har eg verkeleg fått forståing for kor viktig det er å lese for barn. I møte med ulike tekstar og sjangre får barnet røynsle med måtar ein kan bruke språket på. Barnet får samstundes ny kunnskap og mange gode opplevingar. Fantasien vert stimulert og barnet får lyst til å lese sjøl. Historiane og språkformuleringane barnet har høyrt, fester seg i minnet og blir noko som barnet sjøl kan nytte seg av i si eiga skriving :)
Eg hadde kunst og handverk som valgfag første studieår. Ei av oppgåvene vi fekk var å lage ei bok. Oppgåva var tverrfagleg med norsk. Det skulle være ei billedbok med tekst og bilete på kvart oppslag. Eg skreiv om pingvinguten Peik som kom bort fra foreldra sine under den store vandringa over isen. Han måtte klare seg sjøl i lang tid men blei lukkeleg gjenforeint med familien sin til slut.
Vesle Anniken som eg er tante og gudmor til blei veldig glad for boka ho fekk til jul av meg ;)

                               

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar